eyeball

Auget som ser og ei skandaløs kyr

Du kan lese til du blir blå, men hjerna huskar best det du har sett med eigne auge.

Når eg seier følgande: «ei mengde punkt som har samme avstand til eit punkt – punktet kallast sentrum og avstanden frå sentrum og til kanten kallast for radius». Kva tenker du då? Hjå meg blir det blankt i minst eit par sekund, må eg vedgå.

Men det er altså ein sirkel. sirkel

Og det er mykje lettare å huske kva ein sirkel er dersom du har sett ein.

Det auget ser, gjer ofte sterkare inntrykk enn ord på papir og lydar vi høyrer. Hjerna vår er skrudd saman til å ta inn bilder ufatteleg kjapt og heile tida. Kor mykje raskare hjerna oppfattar informasjon frå bilder i høve til lyd eller tekst, det stridest dei lærde om. På nettet har det versert at hjerna oppfattar eit bilde 60 000 gongar raskare enn tekst. Men så vidt eg veit, har ingen klart å finne forskaren som skal ha kome med det utsagnet.

Men forskarar frå University of Minnesota fann ut at presentasjonar med bilder var 43 prosent meir overbevisande for tilhøyrarane enn presentasjonar utan bilder.

Og det kan eg lett tru på. For bilder framkaller kjensler. Lubne barnehender og storaugde kattungar får fram eitkvart varmt i mange av oss. Solbriller og tredagersskjegg får fram, ja – andre kjensler. Sjå på reklamebransjen, dette veit dei.

Nååh... Smelte...
Nååh…

Det veit for så vidt tv-journalistar også. Men eg hadde aldri trudd at ei tv-sak som startar med nærbilde av ei dritande kyr ville få folk til hoppe i stolen. Men det gjorde det visst, hehe.

Eg var ikkje gammal i bransjen når eg fekk saka om hende. Det gjekk ut på at gjødselen i møkkakjellarane rundt om avga gassar som kunne øydelegge betongen i fjøset. Det kan jo potensielt vere livsfarleg, så unge Solheim reiste ut og skulle lage sak. I bilen diskuterte eg som vanleg anslag med fotografen, kva var fokuset her og korleis kunne vi vise det visuelt. Som odelsjente sjølv synest eg det var ein glitrande idè å filme ei dritande kyr, up, close and personal. Dette var jo faktisk kjerna i saka! Eg er no ganske immun mot den slags, og det var tydelegvis fotografen også.

Vi var godt nøgde med ferdig redigert sak, som gjekk i NRK Vestlandsrevyen. Og tenkte ikkje meir over det, før neste dag. Då kom reaksjonane frå Bergen, ser du. Bergensarane, i alle fall eit par av dei, ville ha seg fråbedt slike bilder på netthinna – og så midt i middagen! Eg skjønte ingenting, men det gjekk opp for meg at bilder – dei kan framkalle så mange slags kjensler. Humre.

Som kommunikasjonsperson vil eg ha meir bilder inn i informasjonen vi sender ut. Og dei må gjerne vere levande. Fakultetet kjem til å satse meir på bruk av film, og har oppretta ein YouTube-kanal der filmsnuttar skal samlast. Vi har starta ein årleg foto- og filmkonkurranse for studentane. Dette vart vinnarbildet, er det ikkje flott?

Fotograf: Kjell-Christian Flo
Fotograf: Kjell-Christian Flo

I går ettermiddag hadde eg eit møte med Gunnbjörg Gunnarsdóttir i Kolbrun Retorikk, for eg vil gjerne ha denne dyktige dama til å lage film for oss. Det er ikkje lenge sidan ho vann Vestnorsk Filmsenters minuttfilmkonkurranse 2013 med filmen “Linda“, så eg gler meg veldig til å sjå kva idear ho får av ei runde rundt på fakultetet.

Retorikkdama og kommunikasjonsdama
Retorikkdama og kommunikasjonsdama

Det blir garantert ikkje kyr på do, i alle fall.

Marion Solheim

Kommunikasjonsrådgjevar Marion Solheim

Be Sociable, Share!

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *