Om fakultetet

 

Det nye odontologi-bygget ved fakultetet. Foto: Eivind Senneset.

 

Det medisinsk-odontologiske fakultet i Bergen kokar av kunnskap. Hit kjem framtidas legar, tannlegar, farmasøytar og andre helsearbeidarar for å studere, forske og leve studentlivet. Fakultet gjev undervising både på bachelor-, master- og doktorgradsnivå.

 

 

Her er fem ulike forskarskular, samt ei eiga forskarline for medisin- og odontologistudentar. Dessutan har fakultetet stort fokus på internasjonalt samarbeid, noko som gjer at reiselystne studentar får høve til å studere og jobbe i andre land, primært i Afrika og Asia.

Ikkje at det er feil å halde seg i Bergen heller. Med eit yrande kulturliv, storslåtte fjell og fjordar på alle kantar og sjarmerande arkitektur, så er det noko for ein kvar smak i denne byen. Her er internasjonale musikkfestivalar, moderne gatekunst og gamle brusteinsgater i skjønn foreining. Bryggen, metal-band og ekstremsport. For å nemne noko.

 

Bryggen i Bergen

  

Meir enn 1 800 studentar studerer på Det medisinsk-odontologiske fakultet ved UiB. Vil du vite meir om fakultetet, kan du gå inn her.

 

 

Be Sociable, Share!

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *