Monthly Archives: desember 2014

Satsing på “pasienten si helseteneste” betyr endringar for allmennlegane.

Illustrasjonsfoto: Lege snakker med pasient - konsultasjon

Legane bør kjempa for betre samla tenester i kommunane, meiner professor Steinar Hunskår.

Gjennom fleire Stortingsmeldingar vil Helse- og omsorgsminister Høie skape ”pasientens helseteneste”. Det betyr endringar for allmennlegane også. På Primærmedisinsk uke i Oslo nyleg diskuterte eg om den nye helsetenesta kan vere ein trussel for fastlegen. Det trur eg nok ikkje, men Høie sine forslag kan definitivt bli utfordrande for fastlegeordninga som system. Hvis vi vil kjempe for fastlegen som koordinator og inngangsport til helsetenesta, må vi også argumentere langs dei politiske linene og ikkje berre i våre interne diskusjonsbobler, slik det er tendensar til no.

Ord som auka opningstider, pasienten som partnar, valfridom, profesjonsnøytralitet, oppgåvegliding og privatisering er ikkje tatt ut av lufta, men er ein del av trendar i tida internasjonalt. Når Bent Høie viser til disse orda, meiner han noko med det.

Vi ser no ei tydeleg fragmenteringsline, understøtta av politikken. Dersom vi ønskjer å satse på fastlegen som koordinator, må fastlegane argumentere for det gjennom å vere på tilbodssida.

Det synes ofte som at legane kjemper for seg sjølve, og ikkje for betre samla tenester i kommunane. Fastlegeordninga er ei pedagogisk utfordring å forklare, både for politikarane og folket. Vi opplever svekka koordinatoransvar og rolle som alle pasientar sin rådgjevar og behandlar. Samtidig må vi innsjå at vi ikkje kan gjere alt sjølv lenger. Vi må delta i team, vi må få fleire yrkesgrupper inn i teama på legekontora for å hindre fleire særomsorger i kommunane.

Professor Steinar Hunskår

Professor Steinar Hunskår

Denne teksten er skriven av professor Steinar Hunskår, og er opphaveleg leiaren i siste nummer av nyhendebrevet Universitetslegen – Desember 2014.