#filter for folket

instagramStore hendingar, intime augneblink. Klisjeen «eit bilde seier meir enn tusen ord» er sant for 150 millionar Instagram-brukarar, og Det medisinsk-odontologiske fakultet ved UiB er med på leiken.

Heilt ferske legar skal ut i verda. Det må på Insta.

Heilt ferske legar skal ut i verda. Det må på Insta.

Det er eit par år sidan Instagram kom til i den digitale verda. Dei kvadratiske bilda med stilige rammer vart raskt ein hit. På få sekund kunne eit kjedelig mobilbilde fiksast opp ved hjelp av filter, fokus, blur, svart-kvitt eller metta fargar – det var berre å eksperimentere. Og så var det hashtag’ane. Nokon som ville ha idear til haustantrekk? Søk på #fallfashion så kan du jo gå gjennom over 300 000 bilder om du gidd. Eller vil du sjå meir av #Bergen? Nesten 440 000 bilder av vakre Bergen ligg klar på Instagram.

Litt hurlumhei har det vore med Instagram dei siste åra, til dømes då dei i slutten av 2012 endra på regelverket, og ville ha retten til å selje kva instagrambilde som helst til andre, utan å verken informere fotografen eller betale ho eller han. Protestane vart så store at Insta måtte gje seg, rett og slett.

Kvifor er vi der?

Ok, tok litt av på filterfronten. Men det var ein ruskete dag på @medOfak, altså.

Ok, tok litt av på filterfronten. Men det var ein ruskete dag på @medOfak, altså.

Det medisinsk-odontologiske fakultet ved UiB har kasta seg med på moroa, og oppretta Instagram-konto.

Kvifor vi skal bruke tid på den slags, sa du?

Fordi vi vil kommunisere med studentane våre, også dei framtidige studentane. Og då vil vi møte dei unge der dei faktisk er – og det er ikkje nødvendigvis ved å legge ut brosjyrer i ein korridor. Ikkje at det er noko gale med brosjyrer, men i 2014 syns vi det er heilt fint å også vere til stades i sosiale medium.

Fordi det skjer fantastisk mykje viktig, spennande, interessant, rart og morsomt på fakultetet. Blant studentar, professorar, forskarar, byråkratar (ja, faktisk). Og for dei som er interesserte i å ta ein gløtt bak dørene, så er Instagram eit retteleg bra tilbod.

Fordi vi vil sette fokus på enkelte tema og arrangement, til dømes Forskar Grand Prix, førstehjelp eller kreftforsking.

Difor er vi på Insta, sjølv om vi er eit traust og stødig fakultet. Det skal vi halde fram med å vere. Vi vil berre vise litt meir av oss sjølve og det vi er opptekne av.

Så sjekk oss ut, då vel! @MedOfak er oss, og bruk gjerne #medOfak om du skulle knipse noko det er naturleg å tagge oss med.

Eit snapshot sist fredag frå kontoret mitt, tagga med #workplace og sjølvsagt #medOfak

Eit snapshot sist fredag frå kontoret mitt, tagga med #workplace og sjølvsagt #medOfak

Sjåast!

Marion Solheim

Marion Solheim, kommunikasjonsrådgjevar

Be Sociable, Share!

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *