Chalk drawing - TEAM: innovative ,effective,creative ,communocative

Business and pleasure

Neste år kan eg feire 15 år i arbeidslivet, eit ganske omflakkande sådan. Altså, eg var i NRK i 11 år, men var vel innom eit ti-tals redaksjonar der. I min noverande jobb er eg til stadighet innom ulike institutt, senter og forskingsmiljø. Og det har slått meg igjen og igjen – steike ta kor ulike kulturane er på dei forskjellige plassane.

Min aller første jobb var som journalist i NRK Sogn og Fjordane i Førde. Og hu-hei kor det gjekk! Teamwork and team spirit ,handshake in a group after work  succeVi var ein god gjeng med unge, single, svoltne journalistar. Vi jobba saman, åt middag på den lokale kroa i lag, det var ein sjølvsagt ting at vi hang i hop i helgene, på kino, på dansegolvet – og så tilbake på jobb på måndagen. Å jobbe med vennane sine er sjølvsagt luksus. Så lenge vi ikkje vart uvennar, då.

Sidan har eg møtt mange ulike jobbmiljø, og dei har stort sett bydd på kjekke, interessante, morsomme, smarte menneske. Flaks!

Men jammen har eg også møtt mange som mistrivast på jobben sin. Der dei kjenner seg små, underlegne og usikre. Der eit nedlatande blikk frå sjefen kan seie meir enn tusen ord, og ein passiv-aggressiv kommentar frå dama på nabokontoret kan sitte i bakhovudet og gnage i fleire veker. Ikkje akkurat oppløftande og energiske omgjevnader, altså. Trur motivasjonen min ville ha gått ned som ein stein midtfjords, i alle fall.

Det er dessutan ein heilt elendig ide for ein kvar leiar å la vere å kople trivselsnivå blant dei tilsette og produksjon. I Aftenposten kunne vi lese at 21 prosent av norske arbeidstakarar har levert sjukmelding frå lege som følgje av dårleg arbeidsmiljø og leiing. Ein sjukmeldt arbeidstakar jobbar ikkje, så det er ein god investering at folk både får business and pleasure på jobben.

Og korleis få det kjekt på jobben, då? Vel, for det første er det vel ein fordel å kjenne kollegane sånn høveleg. Ein treng ikkje nett bli bestevenner, men det er lettare å unngå misforståingar og dritslenging dersom ein veit litt meir om kvarandre enn berre namn, tittel og førsteinntrykk. For å ta eit døme – eg er sikker på at mange har opplevd å møte folk som i første instans verka arrogante og snørrhovne. Og som i neste instans (i alle fall på eitt eller anna tidspunkt) fortel at dei har sjølvtillit på minussida og at dei går med tøffe-maska på. Det er

Samhald på fakultetet, her er to av kollegaene mine.
Samhald på fakultetet, her er to av kollegaene mine.

lettare å snakke med den ærlege varianten, ikkje sant? God kommunikasjon, eg trur det kan flytte fjell oss menneske i mellom. Eg trur det kan få organisasjonar til å blomstre og latteren til å sitte laust.

Ikkje at livet er ein leik, jobben skal gjerast og sånn er det. Men du hendelse kor mykje kjekkare det er å gjere den jobben når ein blir sett, høyrt og forstått.team of ants work with log, teamwork

Alle har eit ansvar for at det skal vere kjekt å gå på jobb. Og sjefane har eit ekstra ansvar for å legge til rette for eit godt miljø.

Her om dagen var eg på enda eit møte. (Ja, det kan bli for mange av dei.) Men dette var litt uvanleg, for vi som hadde møte har fått ansvar å lage til ein felleslunsj for alle – og no skulle vi planlegge kva og korleis. Dette gjerast ein gong i månaden, og ansvaret rullerar. Sist gong diska personalavdelinga opp med ein aldeles himmelsk lunsj med stekt kylling, salat, ost og eg veit ikkje kva. Det var i alle fall fingerlickin’ good! Ein ting er sikkert, dei som sette seg ned i lunsjen såg ut som dei kosa seg vilt. God stemning, og i tillegg var det fredag. No snakkar vi arbeidsmiljø, tenkte eg.

I påvente av neste felleslunsj på jobben, lønningspils eller ein god samtale med ein kollega, så kan du jo kanskje ha lyst å lese Arbeidstilsynet sine ti bod om korleis ein kan bidra til eit godt arbeidsmiljø . Dei kan du lese her.

Har du nokre tips til god kommunikasjon på jobben? Ha uansett ei god arbeidsveke!

Marion Solheim

Kommunikasjonsrådgjevar Marion Solheim

Be Sociable, Share!

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *