-Ta parti med livet

 

Fakultetet arrangerte nyleg internasjonal dag, og fekk besøk av ein alltid engasjert Mads Gilbert. “Solidaritet eller suppekjøken”, var tittelen på foredraget hans. Eg hengte meg på, tok ein prat og skreiv denne artikkelen:

-Dette blir brutalt. Det blir smertefullt. Det blir provoserande, og de kjem til å bli rasande på meg.

Slik opna Mads Gilbert sitt foredrag til medisinstudentane. -Mitt mål er at de skal gå herfrå meir uroa enn då de kom inn. For det er grunn til å vere uroa.

Mads Gilbert har mange ballar i lufta. Han er klinikkoverlege for Akuttmedisinsk klinikk ved Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN), samt professor i akuttmedisin ved Universitetet i Tromsø. Gilbert har i mange år vore engasjert i solidaritetsarbeid i Palestina, og reiser ofte ned for å drive medisinsk solidaritetsarbeid på palestinske sykehus i Gaza. Gilbert og kollegaen Erik Fosse vart kjende namn internasjonalt då dei i 2009 rapporterte frå Shifa-sjukehuset under Gaza-krigen. Den gongen vart over 1400 palestinarar og 13 israelarar drepne, og utanlandske journalister vart nekta innpass til Gaza av israelske styresmakter. Dei to legane vart difor nokon av dei svært få vestlege vitna til krigshandlingane, og vart intervjua av media over heile verda. Begge fekk Fritt Ords honnør for sine skildringar frå byen, og boka deira «Øyne i Gaza» vart ein bestseljar i Noreg og er oversett til seks språk..

Gilbert dro på ny til Shifa-sjukehuset under det siste israelske åtaket no i november og tok del i det medisinske krisearbeidet.

-Er det blitt betre i Gaza no?

–Jau, seier han.

–Det er enklare å komme seg inn i området frå egyptisk side, helsevesenet er betre organisert og fagfolka dyktige. Men blokaden held fram og gjer alt daglegliv svært vanskeleg for dei sivile . Over ein million av dei 1,7 millionane som bur i Gaza er barn og ungdom under 18 år. Det er, som så mange andre stader i det globale Sør, eit umetteleg behov – for kunnskap og solidaritet. Det er så viktig. Kunnskap aukar kontroll og gjev betre helse og liv. Kunnskap jobbar mot undertrykking og fattigdom.

Gilbert på Shifa-sjukehuset i Gaza, november 2012. Foto: Mads Gilbert.

Ikkje berre Palestina

Mads Gilbert har opp gjennom åra engasjert seg mange andre stader enn i Palestina. Han har jobba mykje med å utdanne lokale helsearbeidarar i krigsområde og etter konflikt, til dømes Angola, Afghanistan, Burma, Kurdistan og Kambodsja. Fokuset har særskilt vore på mineskadde menneske. Bileta han viser fram av ungar som har trakka på miner er hjarteskjerande. Kontrasten til den norske kvardagen vi lever og pustar i kvar dag er enorm. –Vi lever i ei boble av velstand og isolasjon, seier Gilbert. –Berre å gå her på fakultetet, med varme og lys. Vi tek alt for gitt. Vi dusjar i drikkevatn, vi har mat på bordet. Vi lever midt i eit smørauge. Og vi skal passe oss for å ikkje drukne i det.

Solidaritet eller suppekjøken

-Eg likar ikkje omgrepet «bistand», seier Mads Gilbert. –Det er litt sånn… ynkeleggjerande. Ta vår velferdsstad, til dømes – den byggjer på solidaritet, ikkje bistand. Det er ikkje så mange år sidan den rike overklassen delte ut milde gåver og sto for suppekjøkkenet til dei fattige her i Europa. Litt som når det skjer ei katastrofe, ein tsunami, eit jordskjelv på Haiti. Då kjem vi frå nord med brask og bram og skal hjelpe, men alltid på våre vilkår. Det fungerer ikkje. Det går ikkje rette vegen. Så kan det vere slik at feil bistand er verre enn ingen bistand? Fører bistand til avhengighet? Aukar makta vår her i nord? Spør Gilbert, utan å legge skjul på kva han sjølv meiner.

-Dette handlar om vegval. Vil vi ha suppekjøkenet? Det fungerer ikkje for varig endring. Kløfta mellom nord og sør blir berre større og større.

-Så kva fungerer, etter di meining?

-Rettvise handelsavtaler mellom nord og sør og likeverd. I dag drivast verdsøkonomien av en global rovkapitalisme som tappar land i sør for naturressursar og arbeidskraft. Mange afrikanske statsleiarar seier i dag at dei ikkje vil ha meir bistand. Dei vil ha rettferdige handelsavtaler. Slik det er i mange land i sør no, fører bistand til botnlaus statsgjeld. Fattigdom enorme helseproblem som råkar dei mest forsvarslause, spesielt kvinner og born. Dei døyr i hopetal, av medisinske årsaker som så lett kunne vore unngått. Vi er legar. Vi veit kva som fungerer når eit barn får lungebetennelse, for å seie det slik.

-Vil du råde dei kommande legane til å reise ut i verda, dele kunnskap og redde liv?

-Hehe, eg skal ikkje be dei ta mitt ord for god fisk. Dei får finne det ut sjølve. Reis ut og opplev det sjølv. Når ein har valt å bli helsearbeidar, så har ein teke parti med livet. Og det forpliktar, understrekar Mads Gilbert.

 

Kommunikasjonsrådgjevar Marion Solheim

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Be Sociable, Share!

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *