Foto: abc.com

Sexy legar og sure legar

Eg har hatt mange legar. Sjuk har eg sjeldan vore, men rastlaus til tusen. Då blir det mykje flytting, og dermed nye fastlegar. Eg har hatt dyktige legar som kan sjarmere ein stein, legar som har god humor og også ein og annan Dr. Steamy. Kan ikkje nekte for det, altså. Men eg har også møtt på legar som er arrogante, øser ut av seg latinske ord utan å komme med ei forklaring, og har særs dårleg tid (noko dei ikkje legg skjul på). Ja, og så han tyske som på bryskaste kvasi-norsk kalla meg ei stor pingle når eg klynka litt. Og det kan eg skrive under på, at det han dreiv på med ikkje var vidare behageleg. Ikkje var han flink til det heller.

Dr. Jackson Avery er ikkje av den sure typen… (Foto: Abc.com)

 

Pasientkommunikasjon er eit stort og flott ord, og alle som har helse å ta vare på opplever pasientkommunikasjon i praksis.

Rollene har endra seg dei siste tiåra. Før var distriktslækjaren ein autoritet ein måtte stole ganske blindt på. Det var han som hadde peiling, punktum finale. I dag surfar vi på nettet når vi kjenner på eitt eller anna, og mange møter opp til legen omtrent for å få bekrefta diagnosen dei sjølv har sett – sjukemeldinga i handa, takk. Ikkje alltid bra det heller, sjølvsagt. Men vi har gått frå å vere pasientar som legg liv og helse i hendene på ein doktor, til å troppe opp med kravlista klar. Vi kan alltids byte fastlege eller sjukehus dersom vi ikkje likar det som blir sagt.

Trur vi, i alle fall. Men vi veit, innerst inne, at vi er ikkje medisinarar. Vi har ikkje brukt år av våre liv til å lære om menneskekroppen og tilhøyrande psyke. I alle fall ikkje eg. Det er flott med sjølvtillit, men du verden så fort den kan forvitre på eit legekontor. I alle fall når personen med kvit frakk er overtydeleg på at dei har andre og mykje betre ting å gjere enn å høyre om kor pokkers vondt du har i ryggen.

Legane har fått mykje tyn i media for dårleg pasientkommunikasjon. Medisinstudia har fått passet påskrive for å utdanne ferske doktorar som ikkje snakkar godt nok med pasientane.

-Snakk raskare, menneske, eg har berre eit kvarter før neste pasient er her! (Slik er ikkje min fastlege, heldigvis…)

 

Ein kan meine mykje om journalistar som jaktar i flokk og lagar stormar i ølglas, men det er viktig å sette dette temaet på dagsorden. For kanskje gjev du den sure legen fingeren og ringer fastlegetelefonen, eller skriv rasande skildringar på legelisten.no. Men det er rimeleg lite sannsynleg at gamle grandtanta Olga gjer det. Eg vil tru at storparten av dei eldre, dei som kanskje ikkje skrik høgast, har mykje større behov for ein dugandes lege enn dei fleste av oss.

Ved Det medisinsk-odontologiske fakultet på Universitet i Bergen har dei teke grep, via fleire prosjekt som er meint å gjere det lettare for både framtidige legar og framtidige pasientar. Det er plenty teori, sjølvsagt er det det. Men av berre bok blir ingen klok. Tredjeårsstudentane legg vekk bøkene og øvar seg på legekonsultasjonar saman med frivillige simulantar. Legestudentane blir utsette for sjenerte «pasientar», kravstore, skamfulle, redde, frekke – og sikkert også nokon greie «pasientar» innimellom. Poenget er at det er sånn verda der ute er, og det er det legestudentane får trening i. Å møte menneske på best mogleg måte.

God pasientkommunikasjon kjem ikkje av seg sjølv. Så kanskje ein skal gje tilbakemelding også på det positive dersom ein opplever å få god hjelp av legen – bra kommunikasjon går begge vegar.

 

 

Kommunikasjonsrådgjevar Marion Solheim

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Be Sociable, Share!

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *